Desse små er så herlege når dei har fått tenner. To melkekvite flekkar i nedre tanngard har sett dagens ljos. Tannkosten er tatt i bruk og det ser ut til at Anna likar å pusse tennene. Iallefall ler ho kvar gong børsta er i munnen.
1.april var den magiske datoen for då eg kjente at to tenner kom opp på ein gong. Slike detaljar nevner eg i bloggen slik at eg ikkje skal gløyme det, sjølv om det knapt interesserer nokon ;-)Skrytebilete. Så blid!
Vesleprinsessa vår veks, men ho gjer det ikkje så fort så eg synest tida går akkurat passe fort. Emil og Malin er så glad i ho og det med rette. Nydeleg skjønn, roleg anlagt og kavar seg ikkje opp med noko.